>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
FRILUFTSLIVETS UKE 2013
FRILUFTSLIVETS UKE 2010
FRILUFTSLIVETS UKE 2009
FRILUFTSLIVETS DAG 2010
Fire nutar på ein dag 2010 Vatsbygda
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Fire nutar på ein dag 2010 Vatsbygda

4 nutar turen går i 2010 på søndag 12 september

 

Fire nutar på ein dag,  Vats  

SØNDAG 12.  SEPTEMBER 2010

 

Turen går innom fire mål:  Friarane, Brennesteg, Vardafjellet og Aksla. 




 
 

  Fire på ein  dag

 

 

Søndag 12. september 2010

 

Du kan starta i Blikrabygda eller Gjerdesdalen.
Start kl 9. 30 hos Helge Rødde eller Arve Mjølhus

Turen går innom fire mål:  Friarane, Brennesteg, Vardafjellet og Aksla. 

 

Frå gamalt av var der ein ferdselsveg mellom desse to bygdelaga.  Den blir merka frå begge sider.

På høgdedraget midtvegs ligg det nokre stor steinblokker som heiter Friarane.

 

Det blir fortalt at ein unggut frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia rett som det var. Han hadde alltid kvit hua på seg. Folk meinte at dei traff kvarandre på halvvegen, altså ved desse steinane. Derfor fekk dei namnet Friarane. Desse to vart gifte og busette seg i Gjerdesdalen.

 

Friarane er og skiftestein mellom tre gardar, Eikje, Bakkevoll og Vestvoll.

Her vil det verta utdeling av forfriskningar og litt å bita i for dei som blir med på marsjen.

Frå Friarane går stien over høgdedraget mot Brennesteg.

Frå Brennesteg kan du, om du er sliten, gå ned til Blikra og avslutta turen. Men har du mot på meir er det berre å leggja i veg mot Stemvatnet, og så opp til Vardafjellet. Vidare går ferda mot toppen på Aksla som er høgaste punktet på marsjen. Frå Aksla må du gå eit lite stykke tilbake same vegen, og så ned skaret og nord til hytta på Sletthaug. (Haslemo si hytte)

 

Dette blir dagens høgdepunkt, for her blir det sal av rømmegraut og kaffi..  Ta med tallerken, skei og kopp.

 

Frå Sletthaug er det traktorveg ned til Aurdal.

Heile turen tek om lag 5 – 6 timar. Men du kan bryta av og gå deler av turen, eller du kan gå opp i Aurdal for å nyta rømmegrauten med godt samvit.

Målet med marsjen er ikkje å setja fartsrekord, men at så mange som mogeleg blir med og opplever naturen, får seg ein god drøs med kjende og ukjende, og litt trim. Der er ingen startkontingent. På store deler av turen er det flott utsikt over bygda. Turen er for alle.

 

Marsjen blir og annonsert som ein del av Friluftsrådet si Friluftslivsveke, og det er 4H og speidarane som arrangerer turen.

Elles vil me oppmoda alle om å skriva seg i bøkene som ligg på nutane.

Starten blir ”etter fjostid” eller frå kl. 9.30 og utover.

Dei som vil ha vegvisar og følgje på turen kan møta hos Helge Rødde eller Arve Mjølhus

kl 9.30. Matsalet på Sletthaug startar 13.00

Me vil ordna skyss frå Aurdal tilbake til Blikrabygda og Gjerdesdalen for dei som har parkert bilen der.

                                                                                             
Vel møtt og god tur






  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools