>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Valøya sikra som friluftsområde

I samband med salet av Valen og Handeland gard i Kvinnherad har Friluftsrådet Vest fått i stand avtale om bruksrett på Valøya. Dermed er dette flotte friluftsområdet sikra for ålmenta, sjøl om området no vert selt.

Valøya har store friluftskvalitetar

Valøya ligg like nedafor Valen sjukehus og er nærast ei todelt halvøy, der Ytre Valøya er skogkledd, mens Indre Valøya har store område med beitemark. Her er fine turstiar, rasteplassar, badeplass, gapahuk og fleire kulturminne. Valen sjukehus har nytta Valøya i nokre av sine opplegg, der brukarar har vore med på å driva skjøtsel og tilrettelegga på øya.

Området har ei rekke friluftskvalitetar som gjer at det var særs viktig å få plass ein avtale om vidare bruk før den store eigedomen blei selt. Avtalen som er komen i stand mellom Hordaland fylkeskommune og Friluftsrådet Vest, gjer at friluftsbruken fortset som før og er sikra i mange år framover.

 

Les kva bladet "Kvinnheringen" skriv om saka >>

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools