>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Hidle - nytt sikra friluftsområde

Så midt i Sunnhordlandsbassenget som du kan komma, ligg den litle øya Hidle. Deler av denne spanande øya er no sikra som friluftsområde for ålmenta. Med si sentrale plassering der Kvinnherad, Stord, Sveio og Vindafjord sine kommunegrenser møtest, vil øya bli ein viktig møteplass for båtfolket i heile regionen.

Det er den nordlege delen av Hidle som det er gjort avtale på i denne omgangen. Her kan du lett komma til med eigen båt og stiga i land rett på berget. På land blir du møtt av grøn beitemark og frodig lauvskog. Du vil og fort legga merke til spora etter gammal virksomheit på øya. Her vart det i si tid henta ut kalkstein frå berggrunnen, etablert kalkbrenneri og skipa ut kalkmel frå stor utskipingskai. 

Kari Dommersnes frå Friluftsrådet Vest og grunneigar Per Egil Juel under synfaringa på Hidle.

 

Kari Dommersnes studerer restane etter den store kalkovnen på Hidle

 

Her ser du grunnmurane etter administrasjonsbygget for gruvedrifta på øya.

 

Friluftsrådet Vest ser på sikringa av Hidle som eit viktig og spanande tiltak for friluftslivet i regionen. Her vil ålmenta kunna vitja ei øy utanom det vanlege. I tillegg til dei særeigne og varierte naturkvalitetane, vil ein her møta ei spesiell kulturhistorie som har sett tydelege spor etter seg.

Etter kvart vil friluftsrådet gjera øya endå betre tilgjengeleg enn ho er i dag. Her ser ein føre seg å bygga brygger, rydda opp i strandsona og setta opp toalett. Kanskje kjem ein gapahuk eller eit såkalla grillhus med tida?

 

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools