>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Ny flytebryggje på Romsa

I pinsen vart den nye flytebryggja i Grindanesvika på Romsa innvia. Gjensidigestiftelsen har løyva midlar til prosjektet, og det var deira representant Einar Holsvik som sto for den offisielle opninga.

Det var Bjoa båtlag som tok initiativ til dette prosjektet, og det er lagt ned mange dugnadstimar i det gode resultatet. Bryggja har fått universell utforming, slik at alle kan komma seg trygt i land på denne perla i Sunnhordland. Friluftsrådet Vest tek no over ansvaret for den vidare drifta av bryggja.


Einar Holsvik i Gjensidigestiftelsen sto for den offisielle opninga av den nye flytebryggja. Her blir han takka for gåva av Kari Dommersnes i Bjoa båtlag.


Monrad Berge fekk gleda av å vera første offisielle brukar av den universelt utforma landgangen og flytebryggja.


Det var mykje folk og båt under kulturdagane på Romsa i pinsen.

Sjå kva avisa Grannar skriv om nyhendet: Trygg landgang på Romsa

 

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools