>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Støtte til merking av turløyper

Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet kan endeleg ta til etter at regionen fekk ei gåvepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga like før jul. Pengane opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka og no er tida inne for at lokale prosjekt kan søka om midlar! Kva kan ein søke om støtte til?

Februar 2011

UTLYSING AV MIDLAR TIL MERKING OG GRADERING AV
TURLØYPER PÅ VESTLANDET

Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet kan endeleg ta til etter at regionen fekk ei gåvepakke på 10 millioner kroner frå Gjensidigestiftinga like før jol. Pengane opnar for ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka og no er tida inne for at lokale prosjekt kan søka om midlar! 

Kva kan ein søke om støtte til?
Midlane skal gå til implementering av ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper” som no er under utrulling. Standarden bygger på ein mal for skilting og eit verktøy for gradering som tek omsyn til vanskegrad – graderinga fylgjer fargane grønt, blått, rødt og svart. Meir informasjon om standarden finn ein i heftet om merking og gradering av turløyper - fortløpande oppdateringar vil ein også finna på www.fjellturisme.no

Kven kan søka?
Frivillige organisasjonar, destinasjonar og større geografiske områder kan stå som avsendar av ein søknad. Me set ikkje krav til ein gitt modell, men legg vekt på at det skal vera eit godt samarbeid mellom det frivillige, reiselivet, kommune og grunnleigar. Dette bør koma tydeleg fram i søknaden. 

Krav til søknaden
- Søknaden må bygga på ”Nasjonal standarden for merking og gradering av turløyper”
- Det må ligga eit lokalt samarbeid til grunn for prosjektet
- Det er krav om 50% eigeninnsats i prosjektet (i form av dugnad og/eller eigne midlar)
- Ferdig utfylt
søknadsskjema  – inkludert plan for drift og vedlikehald

Kva kan eit eventuelt tilskot nyttast til?

Fylgjande aktivitetar kan ein søka om støtte til:
- Infrastruktur (skilt og informasjonstavler)
- Innhaldsproduksjon (informasjonstavler og tilrettelegging til print og web)
- Utarbeiding av planverktøy (løypeplanar, etc)
- Arbeid i felt

Prioriterte aktivitetar
- Vandring
- Sykling
- Ski (langrenn og topptur)
- Padling

Me oppfordrar alle som vurderer å søka om å lesa igjennom dokumentet ”Merking og gradering av turløyper på Vestlandet”. Det vil også bli moglegheit å delta på dagsseminar/informasjonsmøter om standarden for merking og gradering i dei fire fylka i løpet av februar og mars – sjå eigen invitasjon til dette. Ta kontakt med din lokale representant i styringsgruppa ved eventuelle spørsmål.

Søknadsskjema og frist for søknad:
Søknadsfristen er 18. mars, 2011

Nedanfor finn du adresse for levering av søknad og kontaktperson i tilfelle spørsmål.
Ved generelle spørsmål om prosjektet kan ein også ta kontakt med dei andre representantane i styringsgruppa, ved reiselivsrelaterte spørsmål kan ein ta kontakt med NCE Tourism. Ei utfyllande liste over desse representantane finn ein i dokumentet ”Merking og gradering på Vestlandet”.

Møre og Romsdal

Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal Fylkeskommune
Julsundvegen 9
6404 Molde

Kontaktperson:
Vegar Bellingmo
Tlf: 93 25 91 27
Vegar.Bellingmo@mrfylke.no

Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Postboks 130
4001 Stavanger

Kontaktperson:
Joar Helgheim
Tlf: 415 30 955
Joar.Helgheim@sfj.no

 

Hordaland

Rogaland

Hordaland Fylkeskommune
PB 7900
5020 Bergen

Kontaktperson:
Einar Grieg

Tlf: 900 72 543 
einar.grieg@post.hfk.no

 

Rogaland Fylkeskommune
Postboks 130

4001 Stavanger

Kontaktperson:
Eli Viten
Tlf:
97533770
Eli.Viten@rogfk.no

 

 

Her finn du linkar til dokument det er vist til i utlysinga:

·         Standard for Merking og gradering av turløyper (standarden er under utbetring, så sjekk www.fjellturisme.no for oppdatering)

·         Merking og gradering på Vestlandet: beskriving av prosjektet

·         Søknadsskjema   Hordaland FylkeskKommune     Rogaland Fylkeskommune

·        
Invitasjon til kursserie om ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”

DU KAN LASTE OPP SØKNADSSKJEMA HER: SØKNAD MERKING TURLØYPER 2011

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools