>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Partnerskap for folkehelse

Friluftsrådet VEST har inngått partnerskapsavtale for folkehelse med Hordaland Fylkeskommune.


SAMARBEIDSPARTAR: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v) saman med representantar for dei fem frivillige organisasjonane fylkeskommunen har inngått partnarskapsavtale om folkehelse med. Vidare frå venstre: Oddvar J. Jensen (Hordaland idrettskrets), Astrid Larsen (Friluftsrådet vest), Børge Brundtland (Bergen turlag), Åge Landro (Bergen og omland friluftsråd) og Gro Gundegjerde (Nasjonalforeningen for folkehelse).


Hordaland fylkeskommune sitt arbeid med folkehelse tek ei viktig steg vidare når me no inngår partnarskapsavtalar med fem frivillige organisasjonar, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ved underteikning av avtalane 4. november.
Avtalane er med desse organisasjonane: Friluftsrådet Vest,  Bergen og Omland friluftsråd, Hordaland Idrettskrets, Bergen Turlag og Nasjonalforeningen for folkehelse.

Partnarskapet for folkehelse i Hordaland har frå før avtalar med sju kommunar. Avtalane med dei frivillige organisasjonane vart markert under fylkeskonferansen for kultur og idrett på Kokstad 4. november. Fylkesordføraren delte ut avtalar og blomster.

Forebygging
Fylkesordføraren trekte fram at primær- og spesialisthelsetenesta først og fremst er retta mot å reparera – når folk har vorte sjuke. Folkehelsearbeidet handlar om å førebyggja, påverka og hjelpa folk til å leva sunt i kvardagen så me held oss friske, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Samarbeid

– Men me kan ikkje gjera jobben åleine. I tillegg til kommunar ynskjer me samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Eg er svært glad for at me i denne omgang får med oss fem viktige samarbeidspartar, sa fylkesordføraren.

– Desse organisasjonane gjer alt ein kjempejobb for folkehelsa i Hordaland. Dei står for helsefremjande og førebyggjande tiltak for innbyggjarane kvar dag, dei har stor kontaktflate og har mykje å bidra med i partnarskapet.

Satsingsområda i samarbeidet med Friluftsråda går først og fremst ut på fysisk aktivitet, tilrettelegging for friluftsliv og universell utforming i friluftsområde. Det generelle folkehelsearbeidet i regi av fylkeskommunen går også inn på område som psykisk helse, kosthald, og rusmiddelbruk.


Friluftsrådet VEST er for tiden også inne i en prosess som vi håper skal resultere i en lignende folkehelseavtale med Rogaland fylkeskommune.

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools