>
Administrasjonen
Finn oss
HOVEDSIDE
AKTUELT
FRILUFTSOMRÅDER
TURFORSLAG
UNIVERSELL UTFORMING
BADETEMPERATURER
KANOER OG FRILUFTSUTSTYR
VESTKYSTPARKEN
FRILUFTSLIVETS UKE
KURS OG NATURVEILEDNING
BROSJYRER
12 MEDLEMSKOMMUNER
SKI-INFO OLALIA
SIKRING - KJØP AV FRIOMRÅDER
STYRET OG ÅRSMØTET
FRILUFTSLINKER
TURISTINFORMASJONER
BILDER OG VIDEO
 
Romsaheftet er klart

Friluftsrådet kan no saman med Statskog presentera det nye flotte heftet om Romsaøyane. Heftet har vorte mest som ei bygdebok for Romsaøyane, og tek føre seg utviklinga på øyane frå fleire hundre år attende og fram til i dag.

Historia om Romsa
er p
å mange måtar ei historie om eit vestnorsk øy og lokalsamfunn, med mange sams trekk, men ho er også unik.
P
å den eine sida er øya med sine lune vågar, gode båthamner, badeplassar, fiskeplassar, turområde osb. ein føresetnad for livet her både i fortid og notid.
P
å den andre sida er også folk som levde her og folk som brukar øyriket i dag ein integrert del av dei unike kvalitetane som kan opplevast her. Det er noko heilt spesielt med Romsa, noko som gjer at har du først vore der, ber du alltid med deg ein dragning om å kome tilbake.

TAKK!
Vi vil gjerne takka forfattaren Anders Lundberg for å ha skreve boka og for å ha dukka så djupt i kjelder og oppsøkt mange informantar for å få deira eigen historie frå Romsa.
Vi vil og takka Statskog ved Kjell Inge Skjerveggen, Nils Lygre og Nils Aal som alle har vore gode støttespelarar for å få realisert dette heftet. 



Romsa
er ei øygruppe mellom Bjoa og Skåneviks
fjorden i Sunnhordland. Her har budd folk i lang tid. I Naustvik er det ei nausttuft som truleg er frå yngrejernalder eller tidleg middelalder. Fram til 1832 var øygruppa samla i eitt bruk, men garden blei då delt i tre bruk. På det meste hadde garden ni bruk, i tillegg til husmannsplassar. Etter gammalt hadde garden ei skyld på 2 laupar smør og 1⁄2 hud, som er om lag halvparten av ein gjennomsnittleg stor gard i Sunnhordland på den tida. Skylda var den avgifta brukaren skulle betale til jordeigaren i årleg leige. Jordeigaren kunne vere Kongen eller ein annan jordeigar. Skylda blei fastsett etter kor rik garden var på jord og skog og kor lett eller tungdriven han var, og storleiken på skylda fortel kor mykje garden måtte betale. Heilt fram til 1818 blei skylda i Noreg rekna i naturalia (smør, hudar), ikkje i pengar. Øygruppa er sett saman av tre øyar, Store Romsa (også kalla Husøy), Litle Romsa (også kalla Nautøy) og Todløyno, med eit samla areal på om lag 1800 dekar.

Store Romsa er den største øya med eit areal på om lag
1000 dekar. Alle tre har hatt fast busetting. I tillegg finst nokre holmar. Frå den sentrale delen av Store Romsa går det landtunger i tre retningar og fleire stader finst det gode hamner. I nordaust ligg Gamlehamn, lenger vest finn me Brattestøvågen (med dampskipskaien) og Grindanesvika (mykje brukt av småbåtfolket). I nordvest ligg Tommelsvik som var alternativ hamn for Ørevikfolket og i sør ligg Herøyvadet.

Namnet Herøy kan kanskje tyde på at det her har vore hamn for sjømilitære styrkar. Dei gode hamnetilhøva og plasseringa midtfjords kan støtte ein slik tanke, men det kan også vere andre mogelege forklaringar. Herøy, den søre delen av Store Romsa, er berre knytt til hovudøya med eit lågt eide heilt i vest. Buktene og vikene som skjer seg inn i Store Romsa har vore mykje nytta som kastevågar (figur 1). Gamlehamn på nordsida av Store Romsa er ei god hamn og blei i eldre tid nytta som vinteropplagsplass for seglskuter.

Gamlehamn
var fri for makk som kunne vere eit problem i andre hamner i distriktet. På Store Romsa ligg det høgaste punktet i øygruppa, Stølshaugen, om lag 60 m o.h. Det er ingen vatn på nokre av Romsaøyane og drikkevatn fekk dei frå brønnar. Litle Romsa er mindre innskoren, men frå hovuddelen av øya strekk Furuneset seg nordover mot Store Romsa. Den einaste brukbare hamna på Litle Romsa er Klongervik på nordsida, men på sørsida er det fleire støer. Litle Romsa er den lågaste av dei tre Romsaøyane, høgaste punktet er 25 m o.h. Todløyno er lite innskoren og langstekt i vestaustleg retning.  øgaste punktet ligg 32 m o.h. Utruleg nok har også Todløy hatt fast busetting. Namnet Romsa siktar både til øygruppa og garden. Skrivemåten har variert mykje gjennom dei siste hundreåra, ein spegl av den allmenne utviklinga av rettskrivingsnormene. Den eldste namneforma som er kjent er Rumfsum, frå 1326. Seinare blei namnet skrive Rwnse, Rumse (1563), Rumsa og Rumse (1567), Romsøe (1614), Ramsøe (1668) og Rømsøe (1723). Den varierande skrivemåten gjenspeglar truleg i liten grad den lokale uttalen, men meir skrivemåten til embetsmennene som omtalte øygruppa. Tydinga til namnet er uviss. Av Romsaøyane sitt totale areal på om lag 1800 dekar er det meste i dag dekt av skog (om lag 1400 dekar). Det meste av dette er planta gran og gran som er spreidd frå granplantingane, ein del naturleg furuskog, om lag 100 dekar lauvskog, noko blandingsskog og om lag 20 dekar kristtornskog.

HEILE HEFTET ER PÅ VEL 60 SIDER. RESTEN KAN DU LASTE NED (SOM PDF) ELLER DU KAN FINNA DEG EIT GRATIS EKSEMPLAR PÅ TURISTINFORMASJONANE I SUNNHORDLAND ELLER PÅ BUO PÅ INNBJOA

  

 Følg oss på

  

  

Last ned ny flyer

 

Siste brosjyre

 

 

 

 

 
Webløsning levert av TYFON strategi og konsept - Powered by i-tools